torsdag 20. august 2009

Papirarbeidet i orden

Det er mykje som skal ordnast og vere klart før avreise til mektige USA:

1. Gebursdagen min 3. August vart bl.a. benytta i kø utanfor den amerikanske ambassaden i Oslo. Etter eit par timar i duskregn, var det sjølvklart sikkerhetskontroll der alt vart levert inn bort sett frå papirbunken som var omhyggjeleg fylt ut på førehand. Vel inne i ambassaden var det litt meir kø før eg prata med ei hyggjeleg amerikansk dame i eitt minutt og var ferdig.

2. Skulepengar skal betalast. Det er slett ikkje gratis å auke kunnskapsmengda i statane. 5200 dollar måtte førast over før eg fer ta laus på haust-quarteret.

3. Reiseforsikring - lurt!

4. Gebyrfrittvisakort - bra!

5. Hadde følelsen av at dinne lista skulle bli so mykje lengre når eg byrja innlegget...

6. Hadde følelsen av at dinne lista skulle bli so mykje lengre når eg byrja innlegget...

7. Hadde følelsen av at dinne lista skulle bli so mykje lengre når eg byrja innlegget...

1 kommentar:

  1. E jo litt meir styr å få visum enn berre å møte opp i Oslo til intervju..

    SvarSlett